- Det har sine positive sider og sine utfordringar å vera få. Me prøver å ha ei positiv vinkling på det. Når me er få, kan me sjå den enkelte eleven og tilretteleggja godt for den enkelte eleven i opplæring og i barnehagen, sa rektor Torbjørn Ask til politikarane, som 12. mars hadde lagt møta sine til Fjærland oppvekstsenter.

Kunnskap om Fjærland

Ask kunne fortelja at det i år er 14 elevar på skulen, 6 på mellomsteget og 8 i småskulen. I barnehagen er det 8 barn. Det betyr at barnehagen veks litt, medan elevtalet har gått litt ned.

Han understreka at sjølv om elevtalet har gått noko ned, skal dei halda det same faglege nivået.

- Me har eit stabilt trykk på basisfaga, og elevane har ei god læring.

Han trekte også fram at dei har sosial kompetanse som fokusområde, og at skule og barnehage jobbar godt saman om dette.

Oppvekstsenteret har tett samarbeid med bygda.

- Det er viktig at elevar som går ut av skulen i Fjærland kjenner til breen, bremuseet, bokbyen, turistnæringa og landbruket her i bygda.

Har symjebasseng

Ask fortalde at ved oppvekstsenteret har dei lysløype, idrettsbane og skogen med lavvo tett på. Dei har også symjebasseng.

- Bygget er frå 1974, og nokre framtidsretta personar forstod at me måtte ha basseng. Det har vore gull verdt for symjeopplæringa og opplæring i livredding.

Rektor trekte også fram at dei har stabilt personale.

- Slik har det vore her over mange år. Sjølv om det også er godt å få inn litt nytt blod, er det viktig med stabilitet.

I samband med lunsjpausen, fekk politikarane ei omvising på oppvekstsenteret. Dei fekk også høyra eit flott songinnslag med elevane og barnehagebarna.

Sjå dei politiske møta 12. mars på Fjærland oppvekstsenter i opptak