Collage med bilete som syner fjord, fjell, fruktblomstring og personar

Sogndal kommune består av dei tidlegare kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal, som vart slått saman frå 1. januar 2020. Kommunen grensar i nordvest til Sunnfjord, i nordaust til Luster, i sør til Lærdal og Vik (sør for fjorden) og i vest til Høyanger.

Kommunen har eit areal på 1 257,89 km² og hadde 12 069 innbyggjarar ved utgangen av tredje kvartal 2021. (Tal frå Statistisk sentralbyrå). Sogndal har hatt sterk vekst i folketalet dei seinare åra.

Kommunefakta Sogndal - SSB

Sogndal kommune er regionsenteret i Sogn. Kommunesenteret er tettstaden Sogndal, som skal vera motor for utviklinga både for kommunen og regionen

Kommunesenteret skal vera eit attraktivt senter i den nye kommunen og fremje livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Det skal leggjast til rette for vekst og utvikling i heile den nye kommunen.

Leikanger er administrasjonsstad i kommunen. Politisk og administrativ leiing er lokalisert her. Leikanger er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar.

Leikanger og Sogndal har over lang tid etablert sterke fagmiljø innan offentleg forvaltning og utdanning. Kommunen er vertskap for to vidaregåande skular og Campus for Høgskulen på Vestlandet.

Balestrand vert satsa på som lokalsenter i den vestlege delen av kommunen. Kommunen har store fortrinn med den flotte naturen. Balestrand er eit internasjonalt anerkjent turistmål. Sogndal har etablert seg som eit viktig destinasjonsmål for aktivitetsbasert reiseliv.

Kommunen har høg næringsvariasjon og driv eit offensivt næringsarbeid. Næringsarbeidet byggjer på dei lokale og regionale fortrinna kommunen har. Kommunen skal vidareutvikle satsinga på reiseliv i Balestrand, Fjærland og Sogndalsdalen, på innovasjon og grundermiljøa på Campus, på industrimiljøet på Kaupanger, utdannings- og handelssenteret Sogndal og på kompetansemiljøa i Leikanger. Kommunen har eit godt eigna klima for frukt og bærproduksjon.

Kommunen har eit stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar, og eit rikt tilbod innan idrett- og kultur.