I år er det ti år sidan terrorangrepa i regjeringskvartalet og på sommarleiren til AUF på Utøya. Til saman 77 menneske vart drepne, og mange vart hardt skadde. Mange lever med sorg og etterverknader etter terroren. Det var den verste terrorhandlinga i Noreg sidan andre verdskrigen. Det var eit angrep på Arbeidarpartiet, AUF og på demokratiet vårt. 22. juli 2021 vert 10-årsdagen markert over heile landet.

Markering i Sogndal kommune

Kl 13-15: Lys, blomar og ei bok til å skrive helsingar/tankar/minne i Holmen i Balestrand, ved Saften på Leikanger og framfor kommunehuset i Sogndal. Det vil sitje ein person der i dette tidsrommet, og bøkene vert liggande i innbyggjartorga etterpå.

Kl 15 framfor kommunehuset i Sogndal: 

  • Kulturinnslag ved Kari Malmanger
  • Appell ved AUF, Brigt G Røysum
  • Appell ved Sogndal ungdomsråd, Kornelius Haugen, leiar  
  • Appell ved Sogndal kommune, Vibeke Johnsen, fungerande ordførar
  • Appell ved Ap, Henny Kristin Asperanden Navarsete
  • Kulturinnslag