Den eine smitta har vore isolert i 10 dagar med kjent smitte og har teke ny test som framleis viser positivt resultat. Dette er som forventa og har ingen praktisk konsekvens. Den andre er berre ei stadfesting av den positive hurtigtesten frå i går.
 
Det kjem ikkje fleire prøvesvar i kveld. Mikrobiologen har nokre få prøvar som det ikkje kjem svar på før i morgon. Det er ikkje teke prøvar i Sogndal i dag. Neste ordinære prøvetakingstidspunkt er mandag.