Publikum var tidleg ute, og dei vart ustyrt med festivalband og T-skjorter. Regionrådsleiar og Sogndalsordførar Stig Ove Ølmheim opna årets Barnehagerock, før det vart god underhaldning frå scena ved Bjørnis & Sophus, Odd Tore & Alva, BliMe-dans ved Synne og VitenShow frå ViteMeir.
Publikum ved barna og barnehagetilsette kosa seg på festivalen, og var veldig godt nøgde med årets Barnehagerock.
Dette var andre gang Barnehagerock vart arrangert, men fyrste gongen barnehagane frå heile regionen deltok.
Takk til artistane som gjorde dette til ei minnerik oppleving.
Me gler oss alt til neste år!

