Kl. 13 i dag vart det meldt ein pasient med ukarakteristiske symptom som i utgangspunktet ikkje gav mistanke om Covid-19 til legekontoret i Sogndal. Det vart i løpet av konsultasjonen likevel fatta mistanke om at det kunne dreie seg om Covid-19. Pasienten vart testa med hurtigtest som var positiv. Nærkontakt som var med vart også testa og var positiv.
 
Denne nærkontakten har vore på Cafe Prego på Amfi Sogningen. Eigar av Prego vart kontakta og råda til stenging. 3 nærkontaktar relatert til Cafe Prego har vore til testing i kveld og har testa negativt på hurtigtest. Alle er sette i 10 dagars karantene. Me har ikkje grunn til å tru at det skal vere fare for at andre gjester ved Cafe Prego er blitt smitta.
 
Når det gjeld desse to smittetilfella er det mistanke om samanheng med utbrotet på Meat Point.
 
Det har ikkje vore nærkontaktar på legesenteret. Helsepersonellet har brukt smittevernutstyr. Det har vore nedvask og legesenteret vil vere i ordinær drift frå i morgon, onsdag. Det blir gjeninnført krav om munnbind både for pasientar og tilsette.
 
Det vart rundt kl. 20 i kveld meldt om 2 nye smitta. Desse er nærkontaktar til kvarandre og vart testa 2. august på grunn av symptom. Smittesporing er iverksett. Desse tilfella har førebels ingen åpenbar relasjon til utbrotet på Meat Point.
 
Pressekontakt: Varaordførar Vibeke Johnsen 
Telefon 95 89 90 22
Epost vibeke.j@online.no
 
Ta test og hald deg heime viss du er sjuk.
Hald avstand og vask hender.