Den eine av desse var positiv på hurtigtest i går med kjent smitteveg frå Bergen. Ingen relasjon til tidlegare utbrot i Sogndal. Den smitta er isolert. Smittesporing er gjennomført. Nærkontaktar er varsla og testa.

To andre er nærkontaktar med kjent smitteveg.

Den fjerde er tilsett på SFO på Trudvang skule. Vedkommande var på jobb måndag, tysdag og onsdag denne veka. Me ynskjer å tilby test til barn og tilsette ved SFO laurdag frå kl. 11 ved Sogndal legesenter. Test må bestillast av kvar enkelt på c19.no for at me skal kunne få registrert alle.

Sannsynleg smitteveg frå Oslo og smittesporing er sett i verk.

Pressekontakt: Varaordførar Vibeke Johnsen
Telefon 95 89 90 22
Epost vibeke.j@online.no

Ta test og hald deg heime viss du er sjuk.
Hald avstand og vask hender.

Kommunen vil komme med ny informasjon tidlegast kl 15.00, laurdag 07.08.21