Regjeringa melde tidleg at dei ikkje vil delta på lokale 8. mai-arrangement. Den nasjonale markeringa på Akershus festning skjer utan publikum. Veteranar som skulle heidrast med medaljar under seremonien i år, vil bli overrekt desse ved markeringa til neste år.

På video

Sogndal kommune ynskjer å skapa ei markering innanfor dei rammene restriksjonane for kulturarrangement og smittevern tillèt.

Kommune har planlagt ei kort, men verdig markering ved minnesmerket ved Lægreid hotell i Sogndal sentrum 8. mai. Video frå seansen vil bli delt i kommunen sine kanalar i løpet av den dagen.

– 8. mai er ein historisk viktig dag for Noreg, og det er dagen der me heidrar kvinner og menn som har gjort ei innsats for Noreg i kongens klede, seier ordførar Arnstein Menes.

Tre kommunar

I år blir det ei felles markering for Sogndal, Luster og Vik kommune. Dei tre kommunane og Forsvaret ved Heimevernet kjem til å vera representerte. Det vil bli kransenedlegging, tale og musikalsk innslag.

Områdesjef i Sogn heimevernsområde, major Bård Flattun Lilleeng er glad for at kommunane på denne måten går saman om å markera 8. mai.

– Denne dagen er både frigjeringsdagen og veterandagen vår. Me skal på denne viktige dagen feira fridomen og demokratiet vårt, og samstundes visa takksemd til dei mange som har gjeve sitt bidrag i teneste for Noreg heime og ute, seier Lilleeng.

Jubileum

Årets 8. mai er også spesiell då det er 75 år sidan 2. verdskrig vart avslutta. Under eit normalår ville dette jubileet fått meir merksemd, men det må diverre venta til eit seinare høve.

Kransenedlegging ved dei andre minnessteinane frå 2. verdskrig vil skje på 17. mai som vanleg.