Me, saman med dykk, synest det er utruleg kjedeleg at alt er stengt og avlyst. Me vonar alle har det bra etter forholda. Samstundes vonar me at de tenkjer på skulekameratane dykkar og kanskje spesielt dei som ikkje har så mange å vera med, heime eller på nettet.

Me i ungdomsavdelinga og MOT​ oppfordrar alle til å bry dykk om kvarandre ved å

  • invitera til videolunsj/ kveldsvideomøte
  • trena saman via messenger
  • ha bandøving på nett
  • spela kahoot eller andre digitale spel
  • ringja til ein ny i klassen kvar dag

Me i avdelinga jobbar med å finna på arrangement via Facebook, eller andre sosiale media. Stikk innom facebooksida vår kvar dag og sjå om me har noko på gang. Facebooksida vår finn du her. Elles er det berre til å ta kontakt om du treng å snakka med nokon.

Me skal vera online så mykje så mogleg for dykk i tida framover. Me er to sosionomar og ein idrettspedagog i avdelinga, så til saman kan me ganske mykje.

Kva kan du snakka med oss om?

  • «Vêr og vind», om du kjedar deg og berre vil snakka
  • Om du er einsam
  • Om du er redd
  • Om du vil fortelja om noko du har gjort eller skal
  • Om du har tips til kva me kan gjera eller finna på
  • Eller berre er nyfiken