Biblioteka opnar med nokre avgrensingar og reduserte opningstider, men det vil no vera høve til å koma på biblioteket for å låna og levera bøker. 

Opningstider frå veke 22:

  • Sogndal: tysdag og onsdag 10-15 og torsdag 12-18. Måndag, fredag og laurdag stengt.
  • Balestrand: måndag og onsdag 16-18 og torsdag 11-15.
  • Leikanger: stengt inntil vidare. 

Det er viktig at dei som vitjar biblioteka, overheld smittevernreglane: 

• Kom når du er frisk.
• Vask hendene godt, bruk handsprit.
• Hald avstand til dei rundt deg.

Kva avgrensingar som no gjeld, kan du sjå på nettsidene til Sogndal bibliotek.