Dei tre dagsturhyttene i Sogndal kommune vart i mars stengde for å hindra spreiing av koronavirus. No er hyttene opna att, og dei vil stå ope som normalt, men bøkene i turbiblioteka vil bli tekne vekk som eit førebyggjande tiltakt.

Me oppmodar alle om å følgja dei sentrale retningslinene om smittevern. Personar som har luftvegsymptom skal ikkje nytta seg av hyttene.