Markeringa fann stad ved minnesteinen framfor Lægreid hotell i Sogndal. Ivar Kvalen, ordførar i Luster, heldt tale.

På markeringa deltok også varaordførar Vik, Marta Sofie Vange, leiar komité for samfunnsutvikling i Sogndal, Kristin Rundsveen Bøtun og Heimevernet HV 11.

På programmet stod musikkinnslag (digitalt), tale og kransenedlegging.

Sjå opptak frå markeringa i videoruta under:

Her kan du lesa talen til ordførar Ivar Kvalen i Luster kommune

Ordførarar, major, veteranar, og gode frammøtte.

I Noreg har me 16 offisielle flaggdagar dette året. 16 dagar det norske flagget kan veie fritt.

Flagget vår er det sterkaste symbol på eit fritt g sjølvstendig Noreg. 5 av desse dagane er markerer relgiøse høgtider, men 11 av desse feirar me og markerer me fridom, sjølvstende og demokrati. 17.mai, nasjonaldagen vår er nok den største av alle desse, då tek heile Noreg ut i gatene for å feire grunnlov og fridom. Anna kvart år er det og ein viktig flaggdag, då kan me alle gjennom opne frie val, velje eller skifte ut dei som sit med makta. Denne dagen er det folket som bestemmer alt.

Alle desse 11 høgtidsdagane syner kvar for seg at Noreg er eit fritt land, med demokrati og folkestyre, men utan dagen i dag, 8.mai hadde me truleg ikkje kunne feire nokon av desse dagane.

Frigjeringsdagen 8.mai er ein av dei viktigaste grunnsteinane i det frie Norge. Denne dagen markerer kapitulasjon av nazidiktaturet som knebla landet vår i 5 år. Det verste folkemordet og øydeleggingane i historien, både  i Noreg, Europa og Verden var endeleg slutt.

På denne dagen vil me alle heidre dei som kjempa i mot nazistane, i mot diktatur og overgrep. Me vil heidre alle dei som ofra livet sitt eller fekk varige merkjer etter kampar både på sjøen og kringom i dette ulendte landet vårt.

Det er viktig å marker 8.mai, fordi me må ikkje gløyme. Dei fleste som bur i Noreg i dag, har ikkje opplev anna enn fred og velstand, inklusive meg sjølv og dei fleste som er her i dag. Me tek fridom og demokrati som sjølvsagt, me veit ikkje om noko anna. Me kan seie kva me vil, reise kvar me vil, vere glad i den me vil og arbeide med det me vil.

For oss i dag er dette normalen, me veit ikkje om noko anna. Verdiar som fridom og demokrati må alltid hegnast om, vedlikehaldast og dyrkast. Me må ikkje ta det for gitt, me kan ikkje slappe av. I ei omskifteleg tid  kan demokrati og fridom fort stå i fare, det ser me mange døme på kringom i verda, også i Europa, berre ein liten flytur frå vårt eige land. Framveksten av ekstreme haldingar og straumingar i deler av folket i Europa uroar og må takast på høgste alvor.

8. mai markerer og alle dei som har tenestegjort i fredsbevarande operasjonar kringom i verda. Over 100 000 norske kvinner og menn har tenestegjort i 40 internasjonale operasjonar. Dyktige soldatar som frivillig melder seg til teneste for å hjelpe andre, både for å sikre fred og stabilitet, men og for å bygge opp og sikre viktig infrastruktur som helseteneste, skule, drikkevatn, mat, medisinar, kommunikasjon og samferdsle. I all krig og ufred, vert nesten utan unntak barn, unge, sivilbefolkningen dei som lir mest.

Norske soldatar har i fleire 10år bidrege i å ta vare på sivilbefolkning i krigsherja land, dei har redda liv, dei har hindra skade og overgrep mot ein sårbar befolkning.

Me ynskjer i dag å heidre dykk alle og takke for framifrå innsats, både for Noreg sin fridom og for fredsbevarande operasjonar kringom i verda.

Gratulera så mykje med dagen til dykk alle.