Me registrerer for tida svært høgt forbruk på det kommunale vassnettet fleire stader i kommunen – heilt opp mot grensa for kva me kan levera.

Onsdag vart det difor sendt ut melding til innbyggjarane på Nornes, i Sogndal sentrum, Kaupanger, Kvam, Barsnes og Kjørnes med oppmoding om å redusera vassforbruket til vatning.

Kommunen beklagar ulempene det medfører.

Meldinga er send som SMS-varsling. Har du ikkje fått melding? Sjekk her kva som kan vera grunnen til det.