- Det er ei viktig symbolsk markering å heisa Pride-flagget. Eg har fått tilbakemelding frå skeive og andre som opplever at det at kommunen heiser Pride-flagget, gjev uttrykk for at kjærleik er kjærleik og at alle er like mykje verdt, seier varaordførar Vibeke Johnsen (SV).

Juni er Pride-månaden. SoFjoPRIDE vert ikkje arrangert i år, men det vert Pride i Sogndal i samarbeid mellom Sogndal kommune, Studenthuset Meieriet og Skeiv ungdom Vestland.

I tillegg til flaggheising, vert Pride markert med kviss (3. juni), film (4. juni) og kafé med føredrag (6. juni) på Studenthuset Meieriet.

Bokbyen i Fjærland og biblioteka promoterer skeiv litteratur, og Amfi Sogningen flaggar med Pride-flagg i heile juni.

- Alle er velkomne til Sogndal, Sogndal er for alle, og me heiar på mangfaldet, seier Johnsen.

Historikar Pål Berg Svenungsen ved høgskulen laga i 2020 eit føredrag om skeiv historie i Sogn og Fjordane, som du finn her på YouTube.