I midten av juni lanserte kommunen nettsida kopla.no, ein plattform som skal gjera det enkelt for bedrifter og privatpersonar å leggja ut jobbar som ungdom mellom 13 og 18 år kan søka på. Den første stillinga som vart publisert, var jobben som vert for sida fram til midten av august. Av 21 søkjarar frå heile kommunen landa valet på to kjekke ungdommar, som me trur vil fylla rolla godt.

God duo

Kasper Skålid (18) frå Sogndal går på Media og kommunikasjon ved Sogndal VGS, og Tom-Rune Sæle (18) frå Balestrand skal byrja å studera til hausten. Me trur dei vil utgjera ein god duo som vil hjelpa dei som treng litt assistanse med å leggja ut jobbar, og svara på spørsmål knytt til sida på ein framifrå måte. I tillegg vil dei to drifta bloggen som kjem på plass i neste veke. Dei neste vekene ser du dei kanskje på Sogningen eller Saften, så ta gjerne kontakt med dei om du er nyfiken på plattforma eller undrar på korleis du kan leggja ut småjobbar. Kanskje høyrer du som bedrift også frå dei, og kanskje har de ein liten småjobb de kunne lagt ut på kopla.no.

Om de har spørsmål eller treng hjelp, ta kontakt med Tom og Kasper på hjelp@kopla.no