Isolasjon

Dersom du har fått påvist smitte skal du i isolasjon i 10 dagar anten frå første symtom eller frå første positive test. Når du er i isolasjon skal du halde deg heime, halde heilt avstand til andre du bur saman med, dersom mogleg bruke eige rom og bad, vaske overflater hyppig, få hjelp til å handle, ta kontakt med lege ved forverring av symptom.
 

Nærkontakt

Du blir definert som nærkontakt dersom du har hatt kontakt med ein person med påvist Covid-19 mindre enn 48 timar før den smitta fekk symptom (alternativt frå prøvetidspunktet dersom den smitta er symptomfri) og kontakten har vore under to meters avstand i meir enn 15 minutt eller direkte fysisk kontakt eller kontakt med sekret frå den smitta. Me tilrår nærkontaktar å teste seg så snart som mogleg.
 

Karantene

Du skal i hovudsak halde deg heime. Du kan gå tur men halde minst 2 meters avstand til andre. Dersom du ikkje får andre til å handle for deg kan du gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk og på apotek med munnbind og avstand til andre. Karantenen varer i utgangspunktet i 10 døgn.
 

Unntak frå karantenereglar

Dersom du er fullvaksinert (minst ei veke sidan andre dose) eller har gjennomgått Covid-19 siste 6 månader blir du ikkje pålagt smittekarantene.
Dersom du har fått ein vaksinedose for minst 3 veker sidan får du også unntak frå smittekarantene dersom du testar deg mellom døgn 3 og 7 etter siste nærkontakt.
Dersom du ikkje er vaksinert eller er vaksiner med ein dose for mindre enn 3 veker sidan kan du ta PCR-test dag 7 etter siste kontakt og avslutte karantenen viss denne er negativ.