Alle dei 7 smitta hadde status som nærkontaktar til personar som er antatt smitta ved Meat Point frå tidlegare og har vore i karantene. 1 av desse er vaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan, 6 er uvaksinerte. Me ser på dette som kontrollert smitte og forventa utvikling. Smittesporingsarbeid blir gjennomført no. Det er 12 nye nærkontaktar til dei som no er bekrefta smitta som vil få tilbod om test i morgon. Det er kommunisert frå mikrobiologen at det ikkje kjem fleire prøvesvar i kveld. Neste moglegheit for ordinær testing i Sogndal kommune blir mandag 26/7. Test kan bestillast på C19.no. Neste tidspunkt for informasjon frå kommunen vil vere i samband med prøvesvar søndag ettermiddag.