Vedkommande var ikkje sjølv på Meat Point men er nærkontakt til ein person som vart smitta der. Den nye smitta er fullvaksinert og har difor vore friteken frå smittekarantene. Ny smittesporing er gjennomført. Det er 9 nye nærkontaktar.
 
At nærkontaktar blir smitta er ei forventa utvikling i smitteutbrot. Me har førebels god kapasitet på testing og smittesporing.
 
Me har vore i kontakt med smittevernvakta ved FHI og Statsforvaltaren heilt frå starten av utbrotet og fått råd om å følgje dei nasjonale reglane for karantene. Me takkar for gode innspel derifrå og rådar våre innbyggjarar til å forhalde seg til dei nasjonale reglane. Vaksine gir godt vern mot moderat og alvorleg sjukdom. Difor kan me akseptere noko høgare smittetal når den nasjonale strategien no er å halde samfunnet så åpent som mogleg samtidig som me vaksinerer så fort me kan. Me vil likevel oppfordre nærkontaktar til litt meir begrensa sosial kontakt dersom det er mogleg fordi me veit av erfaring at det har effekt på å stoppe smitten.
 
Ta test og hald deg heime viss du er sjuk. Hald avstand og vask hender.