I fjor starta me i MOT Sogndal ein ny tradisjon. Me kåra Sogndal kommune sin store gledesspreiar. Dette på sjølve MOT til å glede-dagen, 23.november. Halvor Larsen, frå Meny, var humørspreiaren som i fjor gjekk av med sigeren. No har du moglegheit til å nominera din gledesspreiar!

Fram til 25. oktober kan de komma med forslag på kven de ynskjer skal nominerast til prisen for 2021. Send oss forslag med namn og korte setningar om kvifor denne personen skal få bli nominert.

Saman med våre unge MOTivatorer skal me vurdere kven av dei 5 som de kan få stemme på. Kåringa vil skje frå 1. november til 22. november, og utdelinga vil skje på MOT til å glede- dagen 23. november. Me satsar på eit like stort engasjement rundt dette i år som i fjor.

For å nominere din gledesspreiar sender du ei melding på instagram til «ungdomsavdelingasogndal» eller på e-post til maria.kalstad.brun@sogndal.kommune.no