130 gjester kom til oss denne dagen. I tillegg til ungar, foreldre og tilsette som høyrer til oppvekstsenteret i dag, var også bygdefolk, tidlegare elevar og tilsette inviterte.

Tenesteleiarane ved Sagatun barnehage og Sagatun skule, fungerande oppvekstsjef Bjarnhild Samland, rådmann Tor Einar Skinlo og påtroppande oppvekstsjef Kenth Rune Teigen Måren stod også på gjestelista.

På programmet var det flott song av ungane på oppvekstsenteret. Dei hadde øvd inn både eldre og nyare songar som dei framførde. Berit Flatheim gav oss eit historisk tilbakeblikk frå skulen opna og fram til i dag.

Ulike talarar stod også på lista: leiar i Fjordane Grendalag, rektor på Sagatun skule og rådmann. Dei hadde alle saman med seg flotte gåver til oss: gåvesjekk, blomster, spel, vaffeljarn og toastjarn til bålpanna vår.

Til slutt fekk me eit gjensyn med «Gudbrand i Lia» der tidlegare elevar synte fram ei dramatisering dei hadde hatt medan dei gjekk på Fjordtun.

I forkant av jubileet vart det samla inn private bilete frå åra oppover på Fjordtun. Inne på skulen var det laga utstilling av desse bileta. Der var også ein film frå 1977.

På menyen stod rømmegraut med spekemat, kaffi og kaker.

Det vart ei flott markering av Fjordtun 50 år. Ein stor dugnadsinnsats var lagt ned av foreldre og bygdafolk elles. Bygdekvinnelaga i Fjordane stod for bevertninga.