Musikarane hadde to konsertar med framsyninga «Tippe, tippe tue», som er ein produksjon laga til Førdefestivalen 2021.

Publikum i fyller mange av radene i Storsalen på kulturhuset.
Totalt fekk over 360 barn med seg konserten Tippe tippe tue på kulturhuset. Konserten vart framført to gonger. (Foto: Sogn kulturskule)

Meir enn 360 barn

Musikarane gjennomførte ein miniturne i vertskommunane for distriktsmusikarane sist veke i samarbeid med fylkeskommunen og vertskommunane for ordninga. I Sogndal var også kulturhuset ein viktig samarbeidspartnar.

Publikum i Sogndal var barnehagebarn frå ni barnehagar frå Fjordtun til Furuli, pluss første og andre steget på Trudvang skule, totalt over 360 barn. I tillegg var musikarane på Quality Sogndal hotell og opna fylkestinget før dei kom i  kulturhuset.

Fem musikarar på scena.
Konsertprogrammet tok utgangspunkt i dei rike og varierte tradisjonane me har på barnesongar, leikar og regler på Vestlandet. (Foto: Sogn kulturskule)

Folkemusikk

«Tippe tippe tue» er eit samarbeidsprosjekt mellom Førdefestivalen og fylkeskommunen. Programmet har vore på fleire turnear som trioversjon med den kulturelle skulesekken.

På Førdefestivalen 2021 hadde «Tippe tippe tue» nypremiere der alle dei fem distriktsmusikarane med folkemusikk som arbeidsfelt medverka: Malin Alander, folkesong (distriktsmusikar i Gloppen) , Ingrid Stuhaug, hardingfele (distriktsmusikar i Sunnfjord), Marin Stallemo Bakke, hardingfele (distriktsmusikar i Sogn), Ole Nilssen, trekkspel og dans (distriktsmusikar i Sunnfjord) og Tom Karlsrud, trekkspel (distriktsmusikar i Lærdal).