No som hausten kjem, er det ikkje berre innhausting, allehelgensdag og hausttakkefest. Det er ein annan tradisjon som står sterkt her i landet – å dela av den velstanden me har til dei som ikkje har. Heilt sidan 1974 har TV-aksjonen kvart år gjeve til mange gode formål, og hjelpt mange menneske over heile verda.

Årets tema er barneekteskap. Kvart år er det over 12 millionar jenter under 18 som blir gifta bort, ifølgje Plan. Med andre ord, kvart tredje sekund blir ei mindreårig jente gifta bort. Konsekvensane av slike ekteskap er forferdelege. Ikkje berre vert utvikling hindra ved at jentene ikkje får gå på skule, men dei må også gje slepp på sine håp, draumar og framtid. Ofte vert jenter heilt ned til tolv-tretten år gifta bort til menn langt eldre enn seg sjølve. Dei fysiske konsekvensane av tidleg ekteskap og graviditet kan føra til varige fysiske skadar, og i verste fall død.

Sogndal kommune har vedteke å gje eit bidrag på 23.944 kroner til TV-aksjon 2021. TV-aksjonen når ut til tre millionar menneske, kor me skal fokusera på der det kan gjera størst nytte: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Saman kan me frå alle kommunens hjørne hjelpa til å gje jentene høve til å kunne ta sine eiga val, skapa si eiga framtid og velja å leve sitt eige liv.

Me oppmodar alle til å delta i TV-aksjonen:

  • Bli bøsseberar (og gjerne igjen!)
  • Gje eit bidrag når bøsseberarane kjem på døra sundag 24. oktober.
  • Del informasjon om TV-aksjonen i sosiale media.
  • Arranger eit loddsal eller kafé til inntekt for TV-aksjonen.
  • Ta gjerne kontakt med oss i kommunekomiteen om du har ein god idé.

Her finn du meir informasjon:

Ynskjer du å bidra?

Ta kontakt med oss her:

Varaordførar i Sogndal kommune Vibeke Johnsen:
Kontakt: E-post - vibeke.j@online.no

TV-aksjonsansvarleg i Sogndal kommune Magne Oddsteen:
Kontakt: E-post - magne.oddsteen@sogndal.kommune.no. Telefon: +47 468 18 814