Kommunen har registert at ein mur på nedsida av vegen like før "blanda"/Døvika held på å rasa ut. For å utbetra denne lyt me stengja vegen inn til Barsnes heilt.

Vegstenginga er planlagt frå 25. oktober klokka 21.00 til 26. oktober klokka 07.00. Det vil i denne perioden ikkje vera mogleg å passera med bil, men gangtrafikk er mogleg. Kommunen har varsla naudetatane. Me legg planar for korleis me skal handtera eventuelle naudsituasjonar.

Sogndal kommune beklagar ulempene vegstenginga medfører.

Ved spørsmål send e-post til eirik.rygg@sogndal.kommune.no.

Det er sendt ut SMS-varsling til dei som bur i området. Har du ikkje fått SMS? Her finn du informasjon om kva som kan vera grunnen.