Sogndal kommune moderniserer parkeringstilbodet
Enklare parkering, mindre papirarbeid og færre brukarfeil.
Sogndal kommune moderniserer no fleire parkeringsanlegg med kameraparkering og digitale betalingsløysingar som skal gjera parkering enklare og meir brukarvenleg for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.
Endringane og moderniseringa skal skje gradvis. Frå 16. november 2026 vert kameraparkering (ANPR/ skiltgjenkjenning) innført i SHOS-garasjen og parkeringsanlegga i Nedrehagen U1 og U2 (Møllevegen). Med kameraparkering kan du køyra inn og ut utan billett eller manuell registrering.
I samband med innføringa av kameraparkering vert det oppretta ei ny takstsone ved Ingafossen Lenke til et annet nettsted..
Samtidig oppgraderer kommunen 12 parkeringsautomatar. Dei nye automatane støttar kontaktlaus betaling med kort, mobil og smartklokke, medan myntbetaling vert avvikla. Kvitteringar vert i hovudsak digitale, noko som reduserer papirforbruk, straumbruk og driftskostnader.
Brukarar av EasyPark må vere merksame på at rett registreringsnummer må vera registrert før innkøyring. Betaling kan skje automatisk via app, på parkeringsautomat eller i etterkant via Paypoint.no innan 48 timar.
Sjølv om betalingskontrollen vert meir automatisert, vil trafikkbetjentane framleis ha ei viktig rolle i arbeidet med trafikktryggleik og oppfølging av ulovleg og trafikkfarleg parkering. Kommunen ønskjer å bruke ressursane meir effektivt og samtidig skape eit tryggare trafikkmiljø.
Moderniseringa representerer ei av dei største oppgraderingane av parkeringstilbodet i Sogndal på fleire år, med mål om betre brukaroppleving, meir berekraftige løysingar og auka fokus på trafikktryggleik.
Les meir om endringar og modernisering av parkeringstilbodet Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
Erfaringar frå andre stader viser at kameraparkering reduserer talet på gebyr som skuldast gløymd betaling eller registreringsfeil.
Kommunen vil tilby informasjon og rettleiing til dei som ønskjer hjelp med dei nye løysingane.
Kontakt:
Fagleiar Frode Aas
Telefon 45879719
Epost Frode.Aas@sogndal.kommune.no
