Ny takstsone ved Ingafossen
I samband med innføringa av kameraparkering i Nedrehagen U1 og U2 (Møllevegen) vert det frå 15. november 2026 oppretta ei ny takstsone med nummer 6943 (69431 for kjøp av langtidsløyve) for parkeringsområdet ved Ingafossen.
Den nye takstsona omfattar alle parkeringsplassane ved Ingafossen, inkludert plassane ute langs Sognahallen og under tribunebygget ved Ingafossen.
Dersom du frå 15. november 2026 ønskjer å kjøpe langtidsløyve for parkering ved Ingafossen, må løyvet kjøpast i EasyPark under takstsone 69431.
Det er viktig å vere merksam på at langtidsløyve kjøpt i takstsone 69431 berre gjeld ved Ingafossen og ikkje kan nyttast i Nedrehagen U1 eller U2 (Møllevegen).
Om du ønskjer å kjøpa langtidsløyve for parkering i P-hus Nedrehagen U1 eller U2 (Møllevegen), må dette gjerast i takstsone 69421 som tidlegare.
Kommunen vil informere om den nye takstsona gjennom skilting i området og i EasyPark-appen for å sikre ein smidig overgang til den nye løysinga.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Parkering i Sogndal kommune
- Parkeringssoner i Sogndalsfjøra
- Elbil og bubil
- Parkering i P-hus Campus
- Easypark - oversikt over parkeringssoner og takstgrupper
- Billettlaus parkering
- Handheving av parkering og klagegang
- Klage på parkeringsgebyr
- Smartpark: Elektronisk parkeringkort
- Sogndal kommune moderniserer parkeringstilbodet
Sist oppdatert
