Sogndal kommune moderniserer parkeringstilbodet

Frå 16. november tek Sogndal kommune eit nytt steg i arbeidet med å gjere parkering enklare, meir brukarvenleg og meir framtidsretta.

Då vert kameraparkering (ANPR/skiltgjenkjenning) teke i bruk ved parkeringshuset i SHOS-garasjen og parkeringsanlegga i Nedrehagen U1 og U2 (Møllevegen).

Dette er starten på ei større satsing på moderne parkeringsteknologi i kommunen. Målet er å gjera parkeringskvardagen enklare for både innbyggjarar, tilreisande og næringsliv.

Etter oppstarten i SHOS-garasjen og Nedrehagen er planen å sette i drift kameraparkering ved Hodlekve Skisenter før årsskiftet, eller seinast tidleg i januar.

Thon Senteret Sogningen har også inngått ei ny samarbeidsavtale med kommunen for dei neste fem åra. Som ein del av avtalen skal kameraparkering etablerast på heile senterområdet, med mål om ferdigstilling i løpet av fyrste halvår 2027.

Kommunen er i tillegg i dialog med Einarsen Eigedom om ei tilsvarande løysing ved Sjøkanten i Sogndal, med sikte på etablering innan utgangen av 2027.

Når løysingane er på plass, vil mange brukarar kunne køyre inn og ut utan å måtte tenkje på billettar eller manuell registrering ved kvar parkering.

Alle parkeringsanlegg som får kameraparkering vil verte tydeleg skilta ved innkøyring til området. Skiltinga vil informere om at området nyttar skiltgjenkjenning (ANPR), korleis betalingsløysinga fungerer og kva betalingsalternativ som er tilgjengelege.

Målet er at både fastbuande og tilreisande enkelt skal kunne forstå korleis parkeringa fungerer før dei køyrer inn i anlegget. Informasjonen vil også vere tilgjengeleg på betalingsautomatar, kommunen sine nettsider og andre relevante informasjonskanalar.

Skiltinga er dessutan viktig for å informere om behandling av registreringsnummer i samsvar med gjeldande personvernregelverk, slik at brukarane er kjende med vilkåra for parkering på området.

I løpet av dei komande vekene vil kommunen og oppgradere 12 parkeringsautomatar rundt om i kommunen.

Dei nye automatane vil støtte kontaktlaus betaling med:

  • Bankkort
  • Mobiltelefon
  • Smartklokke

Samtidig vert myntbetaling avvikla på desse nye automatane. Dette er i tråd med den teknologiske utviklinga og gjeldande regelverk, som ikkje lenger stiller krav om at parkeringsautomatar skal ta imot myntbetaling.

Dei nye automatane vil tilby digitale kvitteringar via QR-kode. Etter betaling kan brukaren skanne koden og få kvitteringa sendt direkte til e-post eller lagra på mobiltelefonen.

For dei som framleis har behov for fysisk kvittering og ikkje nyttar smarttelefon, kan kommunen på førespurnad hjelpe med å hente ut kvittering frå systemet.

Løysinga gir fleire fordelar:

  • Mindre papirforbruk
  • Lågare straumforbruk
  • Reduserte driftskostnader
  • Meir miljøvenleg drift

Ved innføring av kameraparkering er det viktig å vere merksam på følgjande:

  • Kontroller at rett registreringsnummer er aktivt på eventuelle langtidsløyve i EasyPark før innkøyring.
  • Det er ikkje mogleg å endre registreringsnummer etter at køyretøyet har køyrt inn i anlegget.
  • Feil registrert køyretøy kan føre til fakturering frå ANPR-leverandøren.
  • Kameraparkering kan aktiverast i EasyPark slik at betaling skjer automatisk ved inn- og utkøyring.
  • Dersom ein ønskjer å betale på parkeringsautomat, må dette gjerast etter parkeringa og før utkøyring.
  • Førehandsbetaling er ikkje mogleg i anlegg med kameraparkering.
  • Parkering kan også betalast i etterkant via Paypoint.no innan 48 timar etter utkøyring. Dette kan hindre at det vert sendt faktura med administrative kostnader i tillegg til parkeringsavgifta.

Erfaringar frå andre parkeringsanlegg viser at kameraparkering og automatiserte betalingsløysingar reduserer talet på kontrollsanksjonar knytte til gløymd betaling, feilregistrerte registreringsnummer og andre brukarfeil.

For svært mange parkerande vil den nye løysinga innebere at risikoen for å få kontrollsanksjon som følgje av gløymd betaling eller feil registreringsnummer vert vesentleg redusert. Dette gir fordelar både for dei som parkerer og for kommunen si saksbehandling.

Trafikkbetjentane vil framleis ha ei viktig rolle

Sjølv om den nye teknologien reduserer behovet for oppfølging av manglande betalingar, vil kommunen framleis ha eit stort behov for trafikkbetjentane sine.

Ein vesentleg del av arbeidet deira handlar om trafikktryggleik, framkome og tilgjenge.

Feilparkering skaper utfordringar fleire stader i kommunen, mellom anna:

  • I og nær kryss
  • Ved fotgjengarfelt
  • På fortau og gangvegar
  • I brann- og redningsvegar
  • Ved busshaldeplassar
  • På plassar reserverte for personar med nedsett funksjonsevne
  • Framfor innkøyrsler og utrykkingstilkomst
  • Langs vegar der parkering reduserer framkoma for bussar, renovasjonskøyretøy og naudetatar

Slike parkeringar kan redusere sikta for bilistar og mjuke trafikantar, skape farlege situasjonar for born på veg til og frå skule og fritidsaktivitetar, og hindre framkomst for politi, brannvesen og ambulanse når kvart sekund tel.

Kommunen har derfor framleis eit sterkt fokus på å følgje opp trafikkfarlege og ulovlege parkeringar, både i sentrumsområda, ved skular og barnehagar, ved helseinstitusjonar, bustadområde og populære utfartsmål.

Målet med dei nye løysingane er ikkje å redusere kontrollinnsatsen, men å nytte ressursane smartare. Når færre saker gjeld gløymd betaling og registreringsfeil, kan meir tid nyttast til trafikktryggleiksarbeid, oppfølging av trafikkfarleg parkering og tiltak som bidreg til betre framkome og tryggare trafikkmiljø for alle.

I samband med innføringa av kameraparkering i Nedrehagen U1 og U2 (Møllevegen) vert det frå 15. november 2026 oppretta ei ny takstsone med nummer 6943 (69431 for kjøp av langtidsløyve) for parkeringsområdet ved Ingafossen.

Les meir om ny takstsone

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?