Prosjektet strekker seg over 1,6 kilometer frå vestsida av Stedjebergtunnelen, og vegen skal vera ferdig i desember i år.

I første omgang vert det fjerna skog og rydda vegetasjon, før vidare bore- og sprengingsarbeid startar.

– Me vil, saman med entreprenøren, gjera vårt beste for at trafikkflyten skal fungera på ein god måte. Det er eit smalt og langt anleggsområde. Reisande må pårekna venting og omlegging av køyremønster, seier byggeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.

Meir informasjon om prosjektet og arbeidet finn du på nettsida til Statens vegvesen