Meteorologisk Institutt varslar denne veka lokalt stor gras- og lyngbrannfare på Vestlandet i område der det ikkje ligg snø.

Ver forsiktig med open eld. Vegetasjon kan lett ta fyr og store område kan bli råka, vert det opplyst i ein informasjonsartikkel på nettsida til Sogn brann og redning.

Frå 15. april til 15. september er det forbod mot bålbrenning i skog og mark.