Årsaka til at det kom opp avløpsvatn i kummen onsdag var at det kom mykje regn, det var mykje tilsig av overvatn frå snøsmelting, samstundes som ein leidning for overflatevatn hadde gått tett. Det skal sjølvsagt ikkje koma opp kloakk frå våre kummar slik det gjorde onsdag. Dette er noko me beklagar på det sterkaste og noko me jobbar for å hindra at skal skje.

Då kommunen vart kjend med at det kom opp avløpsvatn frå kummen, var me på plass for å ordna opp, både med omsyn til det som låg kring kummen og for å opna opp slik at vatnet ikkje kjem opp att. Me fekk rydda opp kring kummen, men fekk ikkje opna leidningane heilt opp. Dette jobbar me vidare med i dag, torsdag, for å hindra at dette skal skje igjen.

Kummen det kom avløpsvatn opp frå onsdag, er tilknytt ein fellesleidning – det er ein leidning med både overvatn og avløp. Generelt så jobbar kommunen med å separera slike anlegg, men det tek tid. Me har planlagt eit prosjekt lengre opp i feltet for å separera overvatn frå avløpsnettet. Dette vert gjennomført så snart som mogleg i løpet av 2020. Då vil overvassmengda verta betrakteleg redusert, og problemet i kummen verta borte.

Fram til me får gjennomført dette, vil me passa ekstra godt på og halda det samla leidningsnettet ope slik at dette fungerer som føresett.