Det er krevjande tider for oss alle, og målsetjinga er å løyse utfordringane i fellesskap. Barnehage og skule har framleis eit ansvar for å bidra i høve læring og  trivsel, sjølv om dei fleste barn og unge ikkje har sin daglege kvardag hjå oss.

For å halde banda mellom barnehage/skule og heim vil barnehage- og skuletilsette halde jamleg kontakt med heimane. Alle føresette til barnehagebarn og elevar i 1.–5. klasse vil bli regelmessig av ein tilsett dei kjenner for dialog om korleis det går når barnehage og skule er stengt. For elevar i 6.–10. klasse vil lærar primært ha dialog direkte med elev, men òg tilgjengeleg for heimen om ynskjeleg.

Føremålet med kontakten er å vere tilgjengeleg, bidra med råd og rettleiing og vere ein støtte for at barn, unge og deira familiar når barnehage og skule er stengt. Vi håpar føresette til barn og unge i barnehage og skule tek godt i mot denne dialogen, og at de nyttar høvet til å stille spørsmål  eller  samtalar om det som opptek dykk.  

Notat som har blitt sendt ut til dei føresette

Information to parents English version 

Informasjon føresette المعلومات للأولياء  arabisk