Fjordtun skule

Fjordtun barnehage

- stengd barnehageåret 26/27

Fjordtun barnehage er ein del av Fjordtun oppvekstsenter.
Barnehagen har ei avdeling med barn frå 1-5 år og held til i underetasjen på bygget.

Det er ikkje barnehage- og skuletilbod på Fjordtun oppvekstsenter barnehage- og skuleåret 2026/27. Næraste barnehage og skule er Sagatun barnehage og Sagatun skule i Balestrand.

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i møte 23. mai 2024:

  1. Kommunestyret vedtek at barnehage - og skuletilbodet ved Fjordtun oppvekstsenter ikkje blir sett i gang skuleåret 2024-25. Borna frå Fjordtun oppvekstsenter får barnehage – og skuletilbodet sitt ved Sagatun barnehage og Sagatun skule.
  2. Det vert ikkje opna opp barnehagetilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum tre søkjarar ved hovudopptaket til barnehage.
  3. Det vert ikkje opna opp for skuletilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum sju elevar etter forskrift om skulekrinsar.
  4. Dei økonomiske konsekvensane av vedtaket skal innarbeidast i 1. tertial.
  5. Formannskapet ber kommunedirektøren gå i dialog med fylkeskommunen om skuleskyssen i Fjorden med mål om redusert reisetid og vurdering av båtskyss, og betre løysingar i periodar med særleg stor rasfare.

Kontakt

Kjell Ertesvåg
Leiar barnehage Sogndal kommune

Tlf: 90 83 53 33
E-post: kjell.ertesvag@sogndal.kommune.no

Fann du det du var på jakt etter?