Søk barnehageplass

Søknadsfrist er 1. mars. 

Fristen gjeld både søknad om ny plass, og endring av eksisterande.  

Barnehageåret startar 15. august, og tildelt barnehageplass gjeld fram til barnet skal starta på skulen. 

Informasjon om barnehagetilbodet 2025-2026

Sogndal kommune arbeider med å ha tilstrekkeleg med barnehageplassar for å møte auka barnetal og er i prosess for å ha dette klart.

Kyrkjebakken barnehage er stengt 2025-2026, og difor ikkje med i barnehageopptaket.

Søknad, opptak og svar på søknad

Søknadsfristen for samordna hovudopptak for kommunale og private barnehagar er 1. mars. 

Føresette kan søka om barnehageplass heile året, og blir først kontakta når barnet kan få tilbod om plass. Før overgang til nytt år vert søknadar med ynskje om oppstart i noverande år kansellert. I desse tilfella må føresette søke på ny. Søknadar for komande år vert med i neste års venteliste.

Det er opptakskriteria som avgjer kva plass ein har på ventelista, ikkje tidspunktet for søknaden.  

Frå midten av mars sender me ut tilbod om plass via e-post. Hovudopptaket pågår fortløpande til alle med rett til plass har fått svar på søknad. Det kan difor gå noko tid før du mottek tilbodet. Føresette svarar via søknadsportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. innan svarfristen. Barn som har rett på plass ved hovudopptaket må ta imot plass med oppstart seinast 1. desember same år. For å ha rett på plass må barnet ha fylt eitt år innan utgangen av november det året ein søker. 

Søker de før barnet har rett til plass vert de først kontakta når barnehagen har ledig kapasitet. Det kan dermed verte lang ventetid før de får svar. 

Rett til barnehageplass

  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars. 
  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet er født. 
  • Vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. 

Prioritering

Enkelte barn har rett til prioritet. Søkjer du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. Vedlegg kan lastast opp i søknadsportalen eller sendast per post til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Redusert betaling

Etter at du har fått tildelt barnehageplass, er det høve til å søkja om redusert betaling dersom du har låg inntekt og kjem inn under ordninga om redusert foreldrebetaling.

Hugs at du må søkja på nytt kvart barnehageår. Meir informasjon om redusert foreldrebetaling Åpnes i nytt vindu.

For at søknad om redusert foreldrebetaling skal kunne gjelde frå nytt barnehageår, er fristen 15. juni

For søknader som kjem i løpet av året, vil vedtak gjelde frå månaden etter søknaden er motteken.

Informasjon om redusert foreldrebetaling Åpnes i nytt vindu.

Oppseiing og endring av barnehageplass

Gjensidig oppseiingstid er ein månad, frå den 1. eller den 15. i månaden. Oppseiinga skal vere skriftleg. Send oppseiing av plass via føresettportalen Lenke til et annet nettsted., og gje beskjed til styrar i barnehagen. 

Dersom du ynskjer å bytta til annan barnehage eller endra opphaldstid i noverande barnehage må du óg nytta føresettportalen Lenke til et annet nettsted.
Tildeling av plass i ny barnehage fører automatisk til at tidlegare barnehageplass vert sagt opp.

Priser

 

Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar, jf. statsbudsjettet.

Betalingssatsane innan barnehage er fritekne for mva.

Maksimalsats for heil plass er kr 700.

PlasstypeForeldrebetaling Matpengar 
100 % plass700397
 80 % plass560373
 60 % plass420294

Prisar 2026

Foreldre betalar for 11 månader i året, 4,5 månader i hausthalvåret og 6,5 månader i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august. 

Syskenmoderasjon:
Barn 1: full pris
Barn 2: 30% moderasjon for barn nr. 2
Barn 3 og fleire: 100% moderasjon for barn nr. 3 og fleire

For hushald med rett til inntektsgradert foreldrebetaling, tek syskenmoderasjonen utgangspunkt i den nye satsen for barn nr 1.

Plasstilbod for SFO:
- Heil plass med ferie: alle morgonar, ettermiddagar og feriedagar/inneklemde fridagar i SFO-året
- Heil plass eks. ferie: alle morgonar og alle ettermiddagar, eks. ferie
- Morgonplass eks. ferie: alle morgonar
- Ettermiddagsplass eks. ferie: alle ettermiddagar
- Ettermiddagsplass (to faste ettermiddagar per veke eks. ferie) 

Ferie vert definert som alle skuleferiar og inneklemde fridagar i SFO-året. SFO er feriestengd fire veker om sommaren. Ein betalar for 11 månader (årskostnad delt på 11 som gjev månadssum).

Betalingssatsar for SFO er fritekne for meirverdiavgift.

Det er nasjonalt fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:

  • 12 timars gratis SFO for elevar på 1. - 3. trinn
  • Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1. - 4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6% av hushaldet si inntekt.
  • Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. trinn

 

 

Prisar 2026

Type plassPris pr mnd
Heil plass inkl ferie3436
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)1770
   Matpengar317
Heil plass ekskl ferie3239
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)1573
   Matpengar317
Morgonplass ekskl ferie1231
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar0
Ettermiddagsplass ekskl ferie2205
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)538
   Matpengar317
To faste etterm. kvar veke ekskl ferie1231
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar192
Tre faste etterm. kvar veke ekskl ferie1552
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar237
12-timars SFO 8 - 151666
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar317
Andre ferietilbod
Per veke916
Per veke barn med gratistilbod549
Per dag367
Moderasjonar
Barn 1Full pris
Barn 230%
Barn 3 og fleire50%
Reduksjon ved leksehjelp -30 per time

Foreldrebetalinga vert redusert med kr 30 per heil SFO-time for elevar som får gratis leksehjelp i SFO-tida.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Collage med fleire bilete av barn ute i naturen. Fjord, fjell, snø og gras.

(Foto: Sogndal kommune)

Fann du det du var på jakt etter?