Ein bebuar på Sogndal helse- og omsorgssenter vart fredag testa for korona. Hurtigtesten var positiv, og det vart gjort omfattande testing av bebuarar og tilsette. Ingen andre testa positivt. No syner resultatet av PCR-test at bebuaren som testa positivt på hurtigtest, likevel ikkje er smitta av korona.

Det vart i samband med den positive hurtigtesten innført besøksforbod på andre etasje på Sogndal helse- og omsorgssenter. Resultatet av PCR-testen gjer at besøksforbodet blir oppheva, og me går tilbake til besøkskontroll, slik som tidlegare.

Me har i lenger tid hatt besøkskontroll i institusjonane i kommunen, og frå onsdag av har det vorte sett i verk meir omfattande smitteverntiltak etter innføringa av nye nasjonale retningslinjer.

Det er no koronasmitte i befolkninga i heile landet, og Sogndal kommune har ved fleire høve hatt smitte i våre tenester. Dette handterer me etter gjeldande smittevernreglar.