Barn og unge som får tildelt støttekontakt er gjerne i ein sårbar situasjon der dei har behov for ekstra hjelp og oppfølging i kvardagen sin. Samstundes kan støttekontakten fungera som avlastning for foreldre. Det er difor sentralt og viktig at dei får støttekontaktar som kan bidra over tid. Støttekontakten må i tillegg meistra å stå i utfordringar og det å bruka tid på å bygga trygge og gode relasjonar. 

Nokre barn og unge får innvilga vedtak om støttekontakt i ein tidsavgrensa periode, andre får det i lengre periodar. Dette varierer og som støttekontakt får du oppdragsavtale ut frå ordlyden i vedtaket til kvar einskild tenestemottakar. Som hovudregel får dei vedtak som gjeld x tal timar pr. veke. Det vil seie at du må ha moglegheit til å vera støttekontakt mellom 2-4 timar pr. veke (tal timar varierer og blir fatta i vedtak). Korleis timane blir brukt i løpet av ei veke blir avtala mellom tenestemottakar/pårørande, støttekontakt og støttekontaktansvarleg i kommunen. 

Pr. no er støttekontakt lønna med 164 kr timen, uavhengig av alder, utdanning, erfaring eller kompetanse. 

Velkommen til å ta kontakt for ein uformell prat dersom du har spørsmål til det å være støttekontakt. 

Meir informasjon og søknad som støttekontakt