Sogndal kommune har følgt programvareleverandøren (Visma) sine tilrådingar for å sjekke om det er bekymringsmeldingar sendt gjennom Nasjonal portal for bekymringsmelding, som ikkje har kome fram til Sogn barnevern. Konklusjonen etter slik gjennomgang syner at Sogn barnevern ikkje har vore råka av programfeilen som kunne gjere til at meldingar ikkje kom fram.

Sogn barnevern har frå desember 2022 nytta eit oppgradert fagsystem som ikkje er råka av feilen, og har per i dag heller ikkje direkte integrering frå Nasjonal portal for bekymringsmelding (KS) til vårt fagsystem.