Benkane det er snakk om, er benkar som gamle Sogndal kommune fekk sponsa tidleg på 2000-talet. Namn på sponsor står på ryggplata på benkane.

Opphavleg var det ni benkar, sju av desse er køyrde ut, medan to treng reperasjon.

Benkane er plasserte i Parkvegen, ved Stedje kyrkje, Dalavegen, Skulevegen, gangvegen ved Fiskehytta, gangvegen utanfor Stedjebergtunnelen og ved gangvegen mellom Staai og Ylvisåker.

Vask og klargjering av benkane er det Sogndal eldreråd ved Grete Fischer og frivillige hjelparar som har teke seg av. Utkøyringa er det flyktningtenesta ved Oddvar Husum og ein praksiselev som har stått for.

Her kan du lesa eit dikt om benkane skrive av Vegard Sveen, som er frivillig hjå Sogndal frivilligsentral.