Kvifor gjer me dette grepet?
Plan- og eigedomsoppgåvene rører ved mykje av det som påverkar kvardagen til folk flest: Utvikling av bustad- og næringsområde, investering i infrastruktur, forvaltning av kommunale bygg og eigedomar, og god forvaltning og sakshandsaming i møte med innbyggjarar og verksemder. Med auka aktivitet, tydelegare krav til kvalitet, og behov for betre samspel på tvers, er det naturleg å intensivere endringsarbeidet og samle krafta i tenesta, på tvers av det som har vore organisert i ulike einingar tidlegare.
Slik vil tenesta byggje eit sterkt lag
Den viktigaste ressursen vår er menneska. Under konstitueringa er det prioritert å:
- Avklare roller og ansvar på tvers av plan, bygg/eigedom, oppmåling og tilgrensande fag – slik at kvar medarbeidar veit kva dei eig og korleis me spelar kvarandre gode
- Forbetre arbeidsflyt og kapasitetsstyring, med betre prioritering av saker, felles metodikk for sakshandsaming og tydelege leveransar i kvart steg
- Styrkje rettleiing og brukarreisene, slik at både søkjarar og samarbeidspartnarar får tidleg og god rettleiing, og færre runder i etterkant
- Dele kompetanse og lære saman, gjennom tverrfagleg arbeid, teknologi, oppdaterte rutinar og meir målretta koordinering mellom fag
Bente har jobba med store delar av den nye eininga over tid, og er klar på korleis ho oppfattar eininga sine ambisjonar:
«Me skal vere eit lag som er lett å samarbeide med. Tydelege på krava, raske på avklaringar og nøyaktige i vedtak. Godt lagarbeid i tenesta gir betre tenester for innbyggjarane.»
Prioriterte grep
Den nye tenesta har hatt ein del utskifting av folk over tid. Kommunen er ein attraktiv første arbeidsgjevar for mange, som så vert attraktive arbeidstakarar for fleire store arbeidsgjevarar i regionen. Det sette krav til å jobbe på ein måte som tek ned risikoen for at prosessar startar på nytt, og at arbeidet vert oppstykka. Dette har me fått tydlege tilbakemeldingar frå eksterne på, og det å skape meir føreseielege rammer vil vere prioritert i tida framover. På lista står mellom anna:
- Felles prioriteringsmøte og saksoversikt: Fast rytme for å prioritere saker, fjerne flaskehalsar og sikre oversikt for alle involverte
- Klår førstelinje mot publikum: Ein stad å starte for alle førespurnader, med tydeleg kommunikasjon, rettleiing og forventningsavklaring
- Standardiserte malar og sjekklister: Lik praksis gir jamn kvalitet og kortare sakshandsamingstid
- Kapasitetsløft på nøkkelområde: Målretta innsats der saksmengda er størst. Akkura no er det arealplan, private reguleringsplanar og eigedomsforvaltning som får ekstra fokus
- Datastrøymar og innsikt: Enkle styringsmålingar (t.d. sakstid, restanse, rettingsrundar) som styrer kvar me set inn tiltak framover
- Partssamarbeid og HMS: Tett dialog med tilsette, verneteneste og tillitsvalde for å sikre medverknad, tryggleik og tempo
Kva betyr dette for innbyggjarar og utbyggjarar?
- Meir føreseielege prosessar og betre informasjon tidleg i saksløpet
- Raskare avklaringar i komplekse saker, med tydelegare ansvarsdeling frå kommunen si side
- Eitt lag utad: Betre koordinering mellom plan, bygg/eigedom og oppmåling gjer at ein slepp å springe mellom kontor
Vegen vidare
Me veit at me ikkje har levd opp til alle forventningar som eksterne har til oss. Det er ein viktig grunn til å gjere desse grepa, og samtidig syte for at dei mange flinke tilsette i eininga får arbeidstilhøve som gjer det mogeleg å bruke tida godt, utøve faget sitt og gjere den jobben ein er i kommunen for å gjere.
Har du spørsmål eller innspel?
Fakta: Teneste for plan og eigedom
Ansvarsområde: Planarbeid og arealforvaltning, byggjesak, oppmåling/ eigedomsoppgåver, investering i infrastruktur, samt forvaltning og utvikling av kommunale eigedomar.
Brukarar: Innbyggjarar, næringsliv, profesjonelle aktørar og utbyggjarar, andre kommunale einingar.
Mål: Kvalitet i sakshandsaming, kortare sakstid, betre rettleiing og samarbeid – og effektive leveransar i samsvar med lov og planverk.
Kontakt
Tenesteleiar (konstituert): Bente Mossige Ask – 90017078