Vestre var begeistra for den framtidsretta samlokaliseringa av tenestene og understreka viktigheita av å tenkje nytt og innovativt.
Leiarar, hovudtillitsvald i NSF, plasstillitsvald i Fagforbundet og tilsette fekk moglegheit til å delta i ein god dialog med statsråden, som lytta nøye til korleis Sogndal kommune jobbar for å møte framtidas behov for helse- og omsorgstenester med innbyggjarane i fokus. Dei tilsette og leiarane delte informasjon om både pågåande endringsarbeid og planar for framtida. Dei tok opp tema som framtidsteam, strukturendringar, medverknad frå innbyggjarar og tilsette, oppretting av helsetorg, alternative organisasjonsformer, samt ansvar- og oppgåvedeling. Dei tilsette framheva viktigheita av fagleg tryggleik, rekruttering og å behalde dyktige medarbeidarar for å sikre tryggleik og kvalitet for brukarane.
Vestre understreka kor viktig det er å skape eit godt arbeidsmiljø og gi dei tilsette meiningsfulle arbeidsoppgåver. Han peika på at arbeidsstidsordningar og organisering av arbeidet er sentrale faktorar. “Dei tilsette er gullet,” sa han, og understreka kor avgjerande dei er for å oppretthalde høg kvalitet i tenestene.