Biblioteka vil vera opne, med opningstidene som gjeld i jula. Me minner om at dei som besøkjer biblioteka, må halda avstand og nytta munnbind når det ikkje er mogleg å halda avstand.

Det er ikkje planlagt fleire arrangement på bilblioteka i år, og biblioteka vert difor ikkje råka av restriksjonane som gjeld for arrangement.

Sogndal kulturhus har ikkje kulturarrangement på programmet før i midten av januar, men kinoen kjem til å halda fram. Ifølgje dei nasjonale reglane kan det vera 50 personar til stades på kinoframsyningar. Kulturhuset følgjer gjeldande smittevernreglar og tilbyr handsprit og munnbind til publikum.

Strengere nasjonale tiltak for å begrense smitten - regjeringen.no