Medverknadsfasen er i perioden 15. november-31. desember. Det meste av aktivitetane skjer i god tid før jul, men me opnar opp for at dei som ønskjer det kan gje innspel fram til 31. desember.

Kva er arealplanen, og kvar er me i prosessen?

Arealplanen, eller arealdelen av kommuneplanen som den også vert kalla, skal bestemme kva som kan byggjast kvar i heile Sogndal kommune. Den skal mellom anna gje svar på kvar nye bustader skal liggje, kvar me skal ha næringsaktivitet, korleis me kan ta vare på naturområda våre og korleis fleire kan ha moglegheit til å gå og sykle til barnehage, skule, arbeid og fritidsaktivitetar.

Planavdelinga i kommunen er komne godt i gang med arbeidet, men me er framleis tidleg i prosessen. Etter medverknadsfasen skal innspela frå innbyggjarane oppsummerast og vurderast av planavdelinga. Så skal den politiske leiinga gje si meining om utkastet planavdelinga leverer frå seg. Sommaren 2022 vert planen lagt ut til offentleg ettersyn, der alle som ønskjer det kan gi sine innspel til planen, før endeleg vedtak av planen i desember 2022.

Moglegheitsstudiar

Samstundes med at me byrja med arealplanen gav me i haust fleire arkitekt- og planfirma oppdrag om å lage moglegheitsstudiar for tettstadene våre. Moglegheitsstudiane skal vise døme på korleis me kan utvikle tettstadene våre i framtida, til inspirasjon og som faglege innspel til medverknadsfasen og arealplanarbeidet vidare. Det vert utarbeidd studiar for Kaupanger, Leikanger, Hodlekve og Sogndal sentrum, med vekt på Øyane/Granden, Fjøra aust og Nestangen. Det er også sett i gang tilsvarande prosessar for Balestrand og Fjærland, og desse vert publiserte på eit seinare tidspunkt. Moglegheitsstudiane vert presenterte digitalt på utfordrarbygda.no.

Kva skjer i medverknadsfasen?

Utfordrarbygda.no
Måndag 15. november lanserer me utfordrarbygda.no på nytt. I tillegg til å sjå samfunnsplanen vår kan du no gå vidare til ei ny innspelsside. På innspelssida kan du lese meir om arbeidet med arealplanen, sjå moglegheitstudiar for tettstadene våre, lese om bygdelabane og gje innspel til arealplanen.

Bygdelab
Bygdelabane vert dei einaste fysiske møteplassane i medverknadsfasen, med unntak av folkemøtet om trafikkløysing i Sogndal sentrum. I løpet av fire veker i november og desember vil me arrangere bygdelabar i tettstadene Balestrand, Leikanger, Sogndal og Kaupanger – ei veke i kvar tettstad. Alle innbyggjarar er velkomne til å bruke bygdelabane for å jobbe fram innspel for si hjartesak saman med andre som vil det same.Bygdelabane er opne kvar vekedag mellom kl. 12-15, og 12-18 torsdagar. Då vil nokon frå kommunen vere der for å hjelpe til med å bruke laben. I tillegg kan de booke tid på bygdelabane utanom opningstida. Korleis labane skal fungere, kvar dei skal vere og korleis booking skal skje finn du på utfordrarbygda.no frå 15. november.

Folkemøte om trafikkløysing i Sogndal sentrum 17. november kl. 18-20 på Quality Sogndal hotel
I fleire tiår har trafikkløysinga gjennom Sogndal sentrum vore oppe til diskusjon, og seinast i vår gav Statens vegvesen eit innspel til arealplanarbeidet om tunell bak sentrum. I folkemøtet får du kjennskap til prosessane som har vore og kva Statens vegvesen legg til grunn for sine vurderingar.

Me viser også kva moglegheitsstudiane seier om trafikksituasjonen. Eit panel som består av fagpersonar frå Sogndal kommune og Statens vegvesen vil svare på spørsmål og kommentarar frå salen. Ordførar Arnstein Menes oppsummerer møtet og peikar på neste steg for å lande ei løysing.

Sogndal kommune sender møtet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du følgja i videoruta under:

Barnetrakk
Me har invitert alle barne- og ungdomsskular i kommunen til å utføre barnetrakk for barna sitt nærområde. Barnetrakka vil vise kva område som er viktige for barna, og kva som bør endrast for at nærmiljøa skal bli endå betre.

Vel møtt til å vere med og lage arealplanen vår!

Invitasjon til folkemøte i Sogndal (pdf)