Sogndal kommune kan venta seg storinnrykk av norske turistar sommarsesongen 2022. Tiltalande utemiljø skapar trivsel for innbyggjarar og besøkande, og sommaren 2021 kåra kommunen Holmen 21 i Balestrand, der Holmen kafé og sjokolade held til, som vinnar av konkurransen "Sogndal kommune sitt trivelegast sentrumsbygg".

Også i år ønskjer kommunen å få med seg byggeigarar og næringsdrivande på eit løft for å gjera det fint i kommunen vår. Trivelege næringsbygg krev samarbeid mellom byggeigarar og næringsdrivande i bygga om vedlikehald, boshandtering, planting og tilgjenge frå gateplan.

- Difor vil Sogndal kommune også i år invitera næringsliv i sentrumsområda til ein uhøgtideleg konkurranse om å skapa Sogndal sitt trivelegaste næringsbygg. I denne konkurransen er Kaupanger, Fjøra, Mundal, Hermansverk og Holmen definert som sentrumsområde, seier ordførar Arnstein Menes.

Kommunen har sett saman ein jury som skal ha særleg auge for trivelege næringsbygg gjennom sommaren. Konkurransen krev difor inga påmelding.

Vinnaren vert kåra i september og kan venta seg heider og ei lita påskjønning. Juryen for konkurransen består av ordførar Arnstein Menes, Kari-Anne Kirsebom Strandman (fagansvar for grøntareala i kommunen) og tre utvalde innbyggjarar frå Balestrand, Leikanger og Sogndal.