Kvifor er dette viktig?
- Alle born har rett til ein god oppvekst med ei meiningsfull fritid.
- Fritidsaktivitetar gir meistring, fellesskap og trivsel.
- Forsking viser at mange born ikkje deltek på grunn av barrierar – ofte økonomiske.
- Delen born og unge som veks opp i låginntektsfamiliar er aukande.
Vi må samarbeide for å bryte barrierane og sikre at alle born får oppfylt retten sin til leik og fritid.
Kven kan gjere ein forskjell?
- Tilsette i kommunen
- Lag og organisasjonar
- Alle som møter born og familiar i kvardagen
Saman kan vi byggje bruer inn i fritidsaktivitetar og skape inkluderande fellesskap.
Slik går vi fram
2025: November–Desember
- Vi startar arbeidet med å lage ei lokal fritidserklæring.
- Ei arbeidsgruppe blir sett saman av fleire kommunale einingar og representantar frå lag og organisasjonar.
2026: Januar–Mars
- Vi inviterer til ein tverrfagleg dugnad der vi brukar dialogverktøyet ALLEMED.
- Målet: Skape medvit, finne løysingar og sikre at alle born og unge får delta i fritidsaktivitetar.
Stad og dato for dugnaden blir publisert på kommunen si heimeside og sendt direkte til lag og organisasjonar.
Om ALLEMED:
- Gratis verktøy for å auke medvitet om fattigdom og utanforskap.
- Hjelper oss å jobbe inkluderande og få alle med.
Les meir på: www.allemed.no
👉 Korleis vert du med?
Registrer din organisasjon på ALLEMED og start opp arbeidet i din organisasjon allereie no her:
Inspirasjon og ressursar
Her kan du sjå Vestland fylkeskommune si fritidserklæring:
Og dei 11 tiltaka som fylkeskommunen vil arbeide vidare med:
Video: https://youtu.be/HgjAMI9Q9Xk
