Hold Norge Rent inviterer til ein nasjonal ryddedugnad med mål om å fjerne avfall i byar og tettstadar. Tidlegare har dei arrangert Byryddedagen, men utvidar i år til Byryddedagane!
Ta med deg vener og familie og lag din egen ryddeaksjon, eller bli med Sogndal kommune å rydde i sentrum av Sogndal, Leikanger, Fjærland og Balestrand.
Desse dagane vert det lagt til rette for at du enkelt kan levera avfallet du har rydda:
- Sogndal – container vert plassert ut på torget
- Leikanger – container vert plassert ut ved Saften
- Balestrand – container vert plassert ut på kaia
- Fjærland – behaldarar vert plassert ut på gamle ferjekaia
Her får du utdelt sekkar / kan du finne deg sekkar til avfallet. Hanskar må du ta med sjølve.
Vil du vite meir?