Stiftelsen Framtidshavet er initiativtaker og hovedarrangør, og i tett samarbeid med kommunene, næringslivet og organisasjoner langs Sognefjorden, inviterer dei for andre året til ryddedugnaden Rein Sognefjord 4. september.
I invitasjonen som er sendt ut, skriv dei: "Fjorden treng oss – og tida for å handle er no. Vi ser kva forsøpling gjer med naturen, dyrelivet og våre eigne leveområde. Kvar plastbit vi fjernar, tel. Kvar einaste innsats, liten som stor, er med på å snu utviklinga. Marin forsøpling er eit stort problem, som påverkar livet i havet og alle som har noko med havet å gjera. Gjer ein forskjell. Gjer det for framtida. Gjer det for kjærleiken til fjorden. Kva skal du 4. september? Vi håpar svaret er: Eg skal ut og rydde fjorden!"
Kva er Rein Sognefjord?
Kva: Ein strandryddedugnad der vi ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag
Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden
Når: Torsdag 4. september 2025 – dugnadsdagen
Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden
Stiftinga Framtidshavet syter for at det blir sett ut containerar følgjande stader i Sogndal kommune:
- Damskipskaien i Sogndal
- Ferjekaien i Fjærland
- Holmen i Balestrand
- Saften på Leikanger
Det vert lagt til rette for at det kan ryddast i dagane før og etter sjølve dugnadsdagen. Containerane vil stå ute i veke 36 (1.–7. september).
Kommunen minner samstundes om at Hold Norge Reint arrangerer Strandryddeveka som er 12.–21. september. Sjå meir informasjon om dette på https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader/strandryddeuka/
Meir informasjon og påmelding: Rein Sognefjord — Framtidshavet
Spre bodskapen, ta med familie, vener, kollegaer – og bli med å skrive vidare på historia om ein reinare, vakrare Sognefjord.
Ryddelag og hygge
I tillegg til ryddinga, er det viktig med kos, hygge og sosialt samvær rundt dugnaden.
Framtidshavet har sett av midlar til at registrerte ryddelag skal få dekkja utlegg som går til mat og drikke til sjølve dugnaden. Slik at dersom eit ryddelag har lyst til å bestille pizza, grille, ha kakao og liknande så er dette mogeleg. Skjema du kan senda til Stiftelsen Framtidshavet for refusjon av utlegg
For å få dekkja utgifter til mat og drikke på dugnadsdagen, må ein ryddeleiar organisera og ta ansvar for at sitt ryddelag vert registrert. Ynskjer du å bli ein ryddeleiar for ditt lag/organisasjon/frivillige kan du gjere det her i skjema for ryddeleiar til Stiftelsen Framtidshavet.
Til den som melder seg som lokal ryddeleiar: Roller og oppgaver — Framtidshavet
For utdeling av materiell, plastsekker og hanskar i Sogndal kommune ta kontakt på e-post: marianne.ovrid@sogndal.kommune.no