Slik er brøytinga organisert

Vegsystemet er oppdelt i riksvegar, fylkesvegar, kommunale vegar og private vegar.

I hovudsak er Sogndal kommune ansvarleg for brøyting av kommunale vegar med tilhøyrande fortau, gang- og sykkelvegar, i tillegg til parkeringsplassar som er administrerte av kommunen.

I Sogndal sentrum er det kommunen som tek mesteparten av brøyting/strøing med eiga mannskap og utstyr.

På Kaupanger, Kjørnes og omliggande grender blir brøyting/strøing gjort av innleigde entreprenørar. Det same er tilfelle med Sogndalsdalen og Øvstedalen. Det gjeld også grendene mellom Sogndal og Leikanger.

I Balestrand og på Leikanger blir størstedelen av brøytinga/strøinga gjort av innleigd entreprenør. Sogndal kommune brøyter nokon mindre parkeringsareal og liknande med eige mannskap og utstyr.

Når brøyter me?

Brøytemannskap skal normalt starta brøyting når det er snøfall på 5–10 cm alt etter om snøen er tørr eller våt. Vegane skal normalt vere gjennombrøyta i løpet av 5 timar etter utkalling. Vegane blir brøyta ut frå trafikksikkerheit, mengde trafikk, og praktisk gjennomføring. Gang- og sykkelvegar, skule, barnehagar, helsesenter og liknande er viktige å prioritere.

Definisjon på våt og tørr snø:

  • 5 cm for våt snø frå -2 grader og høgare
  • 10 cm for tørr snø frå -2 grader og lågare

For vegar med liten trafikk kan me akseptere noko større snøfall, men maksimum snøgrense før me set i gang brøyting skal ikkje overstige 10 cm for våt snø og 15 cm for tørr snø.

Sykkel, gangvegar og fortau vert brøta når det er ca. 5 cm snø.
Parkeringsplassar vert brøyta etter 8 cm snøfall.

Ved ekstraordinære snøfall vil alt tilgjengeleg mannskap vere i aksjon. Me gjer merksam på at for enkelte vegar kan tida for gjennombrøyting vere opp mot 5 timar.

Kva ventar me av deg?

Vis omsyn til mannskap som utfører snørydding. Ikkje parker i vegbana, hald avstand til maskiner.

Ikkje legg snø frå private areal ut i vegbana. Dette er ikkje lov, jamfør veglova § 57.

Vis omsyn i vegkryss med dårleg sikt grunna snø. Desse vert rydda normalt etter at snøfall har gitt seg. Det same gjeld vekk køyring av store snøhaugar i det offentlege rom.

Det er alltid viktig å sko seg etter føreforholda om du køyrer, syklar eller går.

Sogndal kommune tek ikkje oppdrag med brøyting av private innkøyringar eller område.

Ynskjer du å gje oss tilbakemelding?

Ved eventuell klage på brøyting/strøing av dei kommunale vegan kan du nytta den digitale innmeldingsportalen til kommunen

Me ynskjer å bruka alle innmelde klagar til forbetring av brøytinga i kommunen.

Vil du klaga på brøyting av riksveg, fylkesveg eller private vegar, må klagen rettast til eigar av desse vegane.