Referat frå møtet 08. oktober 2025
Sogndal kommune har oppretta brukarutval for tenesteområda sjukeheim og heimeteneste, bu- og miljøteneste og psykisk helse- og rusteneste.
Møtetidspunkt, sakliste og referat for møte i utvala vert publisert på nettsida vår.
Utvala har behov for fleire brukarrepresentantar
Kriteria for å vere brukarrepresentant og medlem i brukarutval, er at du er tenestemottakar (pasient, brukar) eller pårørande.
Brukarutvala skal sikre system for innhenting av erfaringar og synspunkt frå pasient, brukar og pårørande, og kommunen skal bruke dette i sitt forbetringsarbeid og utvikling av tenestene.
Brukarrepresentantane er medlem av brukarutvalet for ein periode på 2 år.
Brukarutvalet skal ha møte 3 gonger årleg.
Ta gjerne kontakt med sekretær for utvala, Gunn Ragnhild Rimala, for meir informasjon.
Telefon: 91626119