Tidlegare har du dei fleste stader betalt for tal kilometer du reiser. Med innføring av sonepris, betalar du ein fast pris, uansett kor langt du reiser innafor sona. Innanfor ei sone vil ein enkeltbillett kosta 40 kroner for vaksen. Med sonepris blir det ekstra billeg å reise langt, opplyser Skyss. Til dømes har ein 30-dagarsbillett mellom Førde og Florø før kosta 2150 kroner, medan ny pris blir 755 kroner. Minstetakst i Sogn og Fjordane har vore 35 kr, medan ny minstetakst er 40 kr. Korte reiser vil derfor bli litt dyrare, medan dei som reiser seks kilometer eller meir vil få lik eller lågare pris. Jo lengre ein reiser, jo større blir prisnedgangen.

Sogn og Fjordane blir delt i fire prissoner, og til saman blir det ti soner i heile Vestland. Du betaler aldri for meir enn fire soner. Dei nye soneprisane vil gjelda på Skyss sine busslinjer og ikkje på ekspressbussar.

Nye aldersgrenser for barn
Alle rabattordningar for buss blir også like i heile Vestland, og aldersgrensa for barn blir endra i Sogn og Fjordane. Barn vil no reise gratis på bussen til dei fyller 6 år, og dei kan deretter bruka barnebillett heilt til dei fyller 18.

Laurdagar, søndagar og offentlege fridagar blir det familierabatt. Med familierabatt kan ein reisande over 18 år ta med seg inntil fire barn frå 6 år til og med 17 år, gratis på bussen. Den vaksne må ha gyldig billett.

Kjøp billett med mobilen
Alle bussreisande i Vestland kan frå 20. juni bruka appen Skyss Reise til å kjøpa billett. I appen kan du kjøpa alle typar bussbillettar. Brukar du appen, må du kjøpa billetten før du går om bord og visa fram billetten til sjåføren. Det går framleis fint å kjøpa billett på bussen, kontant eller med bankkort. Hos sjåfør kan du kjøpa enkeltbillett og 24-timarsbillett, men ikkje periodebillett.

Reisande i Sogn og Fjordane kan frå 20. juni også kjøpa bussbillettar i Skyss nettbutikk (skyss.no/nettbutikk) og bruka SMS-billett. Ved å senda ei tekstmelding med VAKSEN, BARN eller HONNØR til 2412, får du ei tekstmelding i retur som gjeld som bussbillett for ei sone i 90 minutt.

Gruppereiser
Dersom ei gruppe på 15 personar eller meir skal reisa med bussen saman, må dei gi beskjed til busselskapet 24 timar før reisa startar. https://www.skyss.no/reise/ha-med-om-bord/gruppereiser/

Meir informasjon finn du på nettsida skyss.no: https://www.skyss.no/reise/aktuelt/kringom-blir-skyss/

På nettsidene til Syss finn du