Bygdakafeen er ein kafè for folket i bygda der borna på oppvekstsenteret står for underholdninga. Ordførar Stig Ove Ølmheim deltok også.

- Ordføraren sa på sin fyrste arbeidsdag at han ynskte å bli invitert ut på besøk. Eg tok han på ordet, og inviterte han på besøk til bygdakafèen i god tid i førevegen, fortel Veronika Gjermo styrar og pedagogisk leiar i Fjordtun barnehage.

Temaet for barnehagedagen i år var «staden min».

- Me brukte songar som handlar om staden vår og songar som minnar om passen vår. Borna har fått koma med ynskjer som passar til temaet, som me har vorte samde om at passar bra. Me tok med «Badebussen» sidan det er Kjartan Lauritzen frå Balestrand som har laga den. Me hadde òg med ein eigen vri på slutten der det vert sagt «neste stopp badeland» og borna kom med ynskje om å seia «neste stopp bygdakafé», som slo godt an hjå publikum. Det å få vera med og påverka er veldig stas, tykkjer dei, fortel Gjermo.

Barnehagedagen vart markert på ulike vis i barnehagane i kommunen: Markerte barnehagedagen