Kvaliteten på vatnet i Stedje høgdebasseng varierer noko, utan at me har påvist at det er naudsynt å koka vatnet. Me vel likevel å klora drikkevatnet i dette området ei tid framover, for å vera på den sikre sida.

Me vil tilføra klor i drikkevatnet frå klokka 13.30 fredag 22. oktober, og reknar med å halda fram med det i 4-5 veker. Samstundes vil me gjera tiltak i trykkaukeanlegget som høyrer til bassenget, for å sikra vassforsyninga til Øvre Stedje når me startar med grundige undersøkingar og eventuelt ombygging av Stedje høgdebasseng.

Dei som får vatnet sitt frå Stedje høgdebasseng, vil kunne oppleva at vatnet smakar og luktar annleis enn vanleg. Dersom du tykkjer dette er plagsamt, kan det hjelpa å tappa vatnet ei tid. Dersom det då ikkje betrar seg, ber me deg ta kontakt med kommunen.

Sogndal kommune har sendt til SMS-varsel til abonnentane på Øvre Stedje. Har du ikkje fått tekstmelding? Her finn du meir informasjon om kva grunnen kan vera.