Bygdene Undredal, Solvorn og Fjærland har samanfallande utfordringar knytt til høgt besøkstrykk og infrastruktur som ikkje er dimensjonert for store besøkstal. I tillegg til å vere attraksjonar i seg sjølv er bygdene dessutan innfallsportar til dei store attraksjonane Jostedalsbreen nasjonalpark, Nærøyfjorden verdsarvområde og Urnes stavkyrkje.

Kommunane ynskjer å samarbeide for å utforske innovative løysingar for korleis dei kan ivareta lokalbefolkninga sine behov og vere attraktive for besøkande og nye næringsaktørar – utan at det øydelegg verdifulle natur- og kulturmiljø. Som Gnist-kommunar får kommunane hjelp til å kople på designarar, arkitektar og anna relevant kompetanse for å sjå moglegheitene i utfordringa, og drive fram nyskapande og berekraftige løysningar.

I grunngjevinga frå DOGA står det:

Søknaden har en sterk politisk forankring. Kommunen viser samskapningsvilje, som er en del av kjernen i Gnist-programmet. Prosjektet virker godt gjennomtenkt og utfordringene viser et innovasjonspotensiale der man ser vern av kulturminner som en mulighet, i stedet for et hinder. Kommunene peker på en konkret og helhetlig problemstilling som er overførbar til mange andre lokalsamfunn.

Bygdelaga i Undredal, Solvorn og Fjærland kjem til å vere viktige samarbeidspartnarar og premissgivarar i Gnist-programmet. Ordførar Trygve Skjerdal i Aurland er glad for å få delta i eit prosjekt som kan vera med å få ny fart på reiseliv i Aurland.

- Dei to siste åra har vore krevjande for oss i Aurland, men me veit at mange ynskjer å besøka oss. Då er det viktig å tenkja på vidare utvikling av dei flotte destinasjonane me har i kommunen.

Ivar Kvalen i Luster er spent på kva ein kan få ut av prosjektet som no er i emning.

- Me har ein spektakulær natur og mange flotte attraksjonar i bygdene våre. Desse må me forvalta på ein god måte samstundes som me tenkjer næringsutvikling og kan skapa grunnlag for fleire arbeidsplassar.

Ordførar Arnstein Menes i Sogndal jublar for annonseringa av GNIST-programmet og tykkjer det er ekstra kjekt å få lov å delta saman med to av nabokommunane i Sogn.

- Dette er eit prosjekt som vil kunne framheve den flotte bu- og arbeidsmarknaden me har i Sogn. Me må leggja til rette for at dei som besøker oss får gode opplevingar og at parkering, toalettfasilitetar og lokal forvaltning fungerer. Me trur programmet vil gje oss ny kompetanse og hjelpa oss til å tenkja innovativt og ta i bruk nye metodar og løysingar for utvikling av lokalsamfunna våre i samarbeid med både lokalbefolkning og dei som besøkjer oss.

Les meir på nettsidene til DOGA